onsdag 13. oktober 2010

Ny blogg!

Av ei eller anna mystisk og merkeleg grunn,
skjedde det noko på den gamle pedsenterbloggen
som eg ikkje greidde å fikse.

Så for at blogginga ikkje skal døy heilt ut,
og slik at alt undervisningspersonalet (og andre interesserte)
i Fjell kommune framleis skal få høyre om nytt og nyttig ved pedsenteret, 
så måtte eg til med ein ny blogg...

Veit du at du kan lage kort med tunge av papir....?
Eller at du kan få epler til å sjå skumle ut....?
Har du nokon gong spikra eit bilete eller laga ein raketturo av erter og tannpirkere...?
Steinar kan bli til insekter og du kan teikne med ein tråd!

I denne boka får du tips og ideer til morosamme ting du kan lage ved hjelp
av enkle materialer - og skulle slikt sett høve godt for oss som arbeider i skulen :-)

Kan tingast og bli levert til deg ved skuleposten om du sender meg ein
e-post.. :-)




Ps. Det ligg framleis mykje nyttig info på den gamle bloggen,
som vil liggje open ei lita stund til..



Anne Mette :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar