onsdag 27. oktober 2010

Kva er denne skulepostordninga for noko.....?

Mange av lærarane i Fjell kommune kjenner nok til denne
skulepostordninga vi har, men rett som det er, så treffer eg nokon som ikkje
veit kva dette er for noko..

Derfor kjem det her ei ørliten presentasjon av dette flotte tilbodet :-)

Kvar torsdag gjennom heile skuleåret kjem det ei lita varebil rundt til 
alle skulane i kommunen. Bestilte varer vert levert i skuleadministrasjonen,
og materiale som skal leverast inn vert henta.
Skuleposten stoppar også i barnehagar etter avtale..

Materiale som skal med skuleposten må vere tinga innan tysdagen 
den veka det skal ut.


tirsdag 26. oktober 2010

Den store friidrettspakken!

Pedsenteret har no fått inn tre store bager med friidrettsutstyr!
Det har ikkje alltid vore enkelt å undervise og trene barn i friidrett; overdimensjonerte hoppmatter,
uovervinnelege hekker og farlege kastredskaper. 
No kan pedsenteret tilby utlån av utstyr som er tilpassa barn, med eit komplett sett for innføring
og leik med løp, hopp og kast. 

I pakken fins mellom anna vertikalhopp, fleksibiblitetstest, målematte for stille lengde/tresteg,
balansestang, skumhekker, medisinball, hoppetau, erteposer, markeringskjegler, stafettpinner,
slegger, kuler, diskoser, spyd, fløyter, stoppeklokker, aktivitetskort, håndbok og rettleiing 
både i perm og på cd.



Her og her kan du lese meir om utstyret.



Lånetida på utstyret er fire veker og kan tingast på vanleg måte
via telefon eller e-post til pedsenteret :-)

onsdag 13. oktober 2010

Ny blogg!

Av ei eller anna mystisk og merkeleg grunn,
skjedde det noko på den gamle pedsenterbloggen
som eg ikkje greidde å fikse.

Så for at blogginga ikkje skal døy heilt ut,
og slik at alt undervisningspersonalet (og andre interesserte)
i Fjell kommune framleis skal få høyre om nytt og nyttig ved pedsenteret, 
så måtte eg til med ein ny blogg...

Veit du at du kan lage kort med tunge av papir....?
Eller at du kan få epler til å sjå skumle ut....?
Har du nokon gong spikra eit bilete eller laga ein raketturo av erter og tannpirkere...?
Steinar kan bli til insekter og du kan teikne med ein tråd!

I denne boka får du tips og ideer til morosamme ting du kan lage ved hjelp
av enkle materialer - og skulle slikt sett høve godt for oss som arbeider i skulen :-)

Kan tingast og bli levert til deg ved skuleposten om du sender meg ein
e-post.. :-)




Ps. Det ligg framleis mykje nyttig info på den gamle bloggen,
som vil liggje open ei lita stund til..



Anne Mette :-)