onsdag 24. november 2010

Nye bøker frå Kulturfondet!

Då er det tid for utsending av nye kulturfondbøker!
Denne gongen er utsendingane dobla, så det kjem ekstra mange
bøker ut til skulebiblioteka i morgon.
For mange skulebibliotek er desse utsendingane kjærkomne.


Treng de hjelp med katalogisering eller anna, 
så berre ta kontakt med pedsenteret eller biblioteket!

Kos dykk med dei nye bøkene!


Dette er ei av bøkene som kjem i denne utsendinga:


Anne Mette :-)

fredag 12. november 2010

Førebu julen.....?

Det er riktig nok ikkje jul heilt enno,
men rundt om på skulane er lærarane no i gong med å planlegge
juleverkstader og aktivitetar til kunst & handverkstimane.

Både biblioteket og pedsenteret har no funne fram julebøkene sine,
og jammen er det litt juledvd`ar og julemusikk i samlinga også.

Du er velkomen til å låne! :-)




Anne Mette :-)

tirsdag 9. november 2010

Stairs er komplett!

Då er omsider heile læreverket i engelsk 1-7 komplett!
I tillegg til bøkene har vi også kjøpt inn flashcards og activitycards til alle trinna.

Om du ikkje kjenner verket kan du sjå nærare på det her.






Anne Mette :-)